Termotransport

Naustdal Transport har lang erfaring med termotransport.

Den første utanlandsturen med kjølebil for Naustdal var mars 1965. Dette var eit pioneroppdrag både for transportnæringa og for oppdragsgjevaren, Jon Skaar i Måløy. Lasta var pigghå som skulle til Milano. Turen tok 10 dagar. Sett i høve til den tids bilmateriell, kommunikasjonssystem og at tilhøva var heilt ukjende for sjåføren, var dette strabasiøst. Men turen var så vellukka at nesten all transport av fersk fisk frå Måløy til kontinentet i ettertid har gått med bil.

© 2019 Naustdal Transport

Informasjonskapsler og personvern

Levert av Mint Media AS